HeimNyheiterTakk for fine dagar saman på aktivitetsveka 2024

Takk for fine dagar saman på aktivitetsveka 2024

To dagar var vi på Dalsøyra og hadde aktivitetar både inne og ute, som fisking, tur, slåball og fotball. Her var det rundt 70 barn frå 1. - 7. klasse samla kvar dag.
Takk til Gulen jeger og sportfiskarlag, Dalsøyra idrettslag og Ungdomslaget Fridom som desse to dagane plana aktivitetar, stilte med mannskap og spanderte lunsj på alle saman. Her må eg også takke grunneigarane på Dalsøyra kai for lånet av kaiområdet.

Siste dag var vi på skytebana på Indre Oppedal. Her var rundt 40 barn frå 1. - 7. klasse samla.
Takk til Oppedal/Brekke skyttarlag som laga til skyteopplegg for 4. - 7. klasse og stilte mannsterke, og til aktivitetsleiarane Julian og Jermund som hadde opplegg for 1. - 3. klasse.
Takk også til 4H for lånet av den flotte gapahuken dykkar på Indre Oppedal.

I tillegg til alle frivillige og aktivitetsleiarane som bidrog for å gjere desse dagane mogleg, hadde det heller ikkje vore mogleg utan transport til barna. Det er mykje logistikk som skal i hop når det skal fraktast barn frå alle delar av kommunen vår.
Tusen takk til Mina i Gulen taxi for godt og hyggeleg samarbeid, og til taxi- og bussjåførane for at de fekk borna trygt frakta til og frå.

Håpar alle koste seg desse dagane, og kanskje fekk ein ny ven?
Gulen frivilligsentral ynskjer dykk alle ein god sommar vidare!

Bilde frå aktivitetsveka 2024


Sist oppdatert: 10.07.2024
Publisert: 10.07.2024