Ergoterapi
Ergoterapeutar finn løysingar når det blir eit gap mellom helsa og kvardagens krav. Dersom du har nedsett fysisk og/eller kognitiv funksjonsevne, kan ergoterapeuten hjelpe deg til å trene og leggje til rette for meistring av aktivitetar som er viktig for at du skal kunne leve eit aktivt liv og delta i samfunnet.
Slik søkjer du
Ta kontakt med ergoterapeuten, sjå kontaktinformasjon under.
Kva kostar det?
Ergoterapi er gratis.
Kva får du?
- Kartlegging og undersøking
- Trening og oppfølging
- Bistand til tilrettelegging av omgjevnader
- Råd og rettleiing
- bistand til å søke om tekniske hjelpemiddel på varig utlån frå NAV hjelpemiddelsentral. Har du behov for hjelpemiddel for ein kortare periode, kan du låne dei gratis frå hjelpemiddellageret i kommunen
Trykk her for å lese meir om hjelpemiddel
Krav til søkjar
Tenesta er for barn, vaksne og eldre som bur eller oppheld seg i kommunen. Du treng ikkje tilvising frå lege.
Kontakt oss
- Kristine Skjørestad Fivelsdal
Kommunal ergoterapeut, tar alle oppdrag ift hjelpemidlar
Mobil: 45 32 28 20
E-post: kristine.s.fivelsdal@gulen.kommune.no - Ingrid Aarnes Solli
Ergoterapeut, tilsett til og med januar 2024
Mobil: 94 50 67 90
E-post: ingrid.aarnes.solli@gulen.kommune.no
eller
- Beate Andrine Bjerkestrand
Kommunal fysioterapeut
Telefon: 40 92 47 09 (måndag til fredag kl. 08.30 - kl. 15.00).
Epost: beate.andrine.bjerkestrand@gulen.kommune.no
Besøksadresser
- Gulen sjukeheim
Eivindvikvegen 1149
5966 Eivindvik
Sist oppdatert:
25.01.2023
Publisert:
05.07.2018