Fysioterapi
Fysioterapeutar jobbar med kropp og bevegelse for å fremje god helse. Du kan både få fysioterapi for å behandle ein sjukdom eller skade og som førebyggande/helsefremjande tiltak. Målet er at du skal utvikla, gjenvinne eller halde ved like funksjonsevne, utnytta eigne ressursar og bidra aktivt i å betre eiga helse.
Tenesta er organisert i ein kommunal og ein privat del (avtalefysioterapeut). Hovudregelen er at du oppsøker avtalefysioterapeut dersom du sjølv klarar det. Om du av helsemessige årsaker ikkje har moglegheit til det, kan kommunal fysioterapi vere aktuelt.
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester
Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:
- Gulen kommune
Ved Tiltaksnemda for helse- og omsorgstenester
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik
Kva kostar det?
Barn under 16 år og personar som får behandling for godkjent yrkesskade, treng ikkje å betale eigendel hos fysioterapeut.
Alle andre betalar eigendel for behandling og oppfølging hos fysioterapeut. Du betaler eigendel fram til du når frikort for eigendelstak.
Trykk her for å lese meir om betaling for fysioterapi på sidene til Helfo.
Trykk her for å gå til Norsk Fysioterapeutforbund sin prisoversikt for ulike typar behandlingar
Kva får du?
- undersøking og vurdering
- behandling og oppfølging
- råd og rettleiing
- bistand til å søke om tekniske hjelpemiddel på varig utlån frå NAV hjelpemiddelsentral. Har du behov for hjelpemiddel for ein kortare periode kan du låne dei gratis frå hjelpemiddellageret i kommunen. Trykk her for å lese meir om hjelpemiddel.
- Fysioterapi for vaksne:
Du kan få oppfølging av kommunal fysioterapeut i eigen heim, som del av eit institusjonsopphald, eller i fysio- og ergoterapitenesta sin kommunale behandlingsstad i Eivindvik. - Fysioterapi for barn og unge:
Barn og unge får oppfølging av fysioterapeut i barnehage, på skulen, i eigen heim eller i fysio- og ergoterapitenesta sin kommunale behandlingsstad i Eivindvik.
Krav til søkjar
Tenesta er for alle med behov for fysioterapi som bur eller oppheld seg i kommunen. Du treng ikkje tilvising frå lege for å ta kontakt med fysioterapeut.
Kontakt oss
- Beate Andrine Bjerkestrand
Kommunal fysioterapeut
Telefon: 40 92 47 09 (måndag til fredag kl. 08.30 - kl. 15.00).
Epost: beate.andrine.bjerkestrand@gulen.kommune.no
- Gulen Fysioterapi (Privat praksis med driftsavtale)
Fysioterapeut Thomas Stølen
E-post: thomasstolen@msn.com
Telefon: 93 02 77 32
Besøksadresse
- Gulen sjukeheim
Eivindvikvegen 1149
5966 Eivindvik