HeimHelse, sosial og omsorgIndividuell plan og koordinator

Individuell plan og koordinator

Kva er ein individuell plan

Individuell plan (IP) er eit planleggingsdokument som hjelper deg å sette personlege mål. Planen skal seie noko om korleis du kan oppnå desse måla. Du og dine pårørande deltek aktivt i å lage den. Planen skal gje oversikt over kva du sjølv er ansvarleg for og kva det offentlege hjelpeapparatet er ansvarleg for. 

Gulen kommune nyttar elektronisk individuell plan – Sampro.

Kommunen har hovedansvaret for å lage ein individuell plan om du har tenester frå både kommunen og spesialisthelsetenesta.

Føremålet med individuell plan

Individuell plan skal:

  • Bidra til at tenestemottaker får eit heilheitleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod, herunder sikre at det til ei kvar tid er ein tenesteyter som har hovedansvaret for oppfylging av tenestemottakaren.
  • Kartlegge tenestemottakerens mål, ressursar og behov for tenester på ulike områder, samt å vurdere og koordinere tiltak som kan bidra til å dekke tenestemottakerens bistandsbehov.
  • Styrke samhandlinga mellom tenesteyter og tenestemottaker og eventuelt pårørande, og mellom tenesteytar og etatar innan eit forvaltningsnivå eller på tvers av forvaltningsnivå.
Samtykkje

Individuell plan skal ikkje utarbeidast utan ditt samtykkje.

Koordinator

Dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester har du også rett til ein koordinator i kommunen. Koordinatoren skal vere din faste kontaktperson for alle tenestene dine, og syte for å fylgje deg opp. Han eller ho skal også syte for at tenestene dine blir koordinert, og skal sikre framdrift i arbeidet med individuell plan. Du har rett på ein koordinator, sjøv om du ikke ynskjer å ha ein individuell plan.

Korleis få ein individuell plan og koordinator

Personell i helsetenesta skal informere og tilby deg individuell plan og koordinator. Du og dine pårørande kan også sjølv be om det. Då kan du kontakte koordinerande eining i kommunen. Du kan få koordinator sjølv om du takkar nei til individuell plan. Viss du er innlagt på sjukehus skal sjukehuset tilby deg koordinator, melde behovet for individuell plan vidare til kommunen, og ved behov bidra i gjennomføring av planen.

Slik søkjer du om individuell plan

Du bruker felles søknadsskjema for helse og omsorgstenester for å søkje om individuell plan.

Send søknaden til

Gulen kommune og koordinerande eining
v/kommunal koordinator Wenche Leite
Eivindvikvegen 1149
5966 Eivindvik

Kva skjer vidare med søknaden din?

Kommunal koordinator vil handsame søknaden så snart det er mogleg. 

Dersom vi ikkje kan gje deg eit endeleg svar innan ein månad, skal du få skriftleg melding om grunnen til det og når du kan vente eit endeleg svar.

Kontakt oss

Spørsmål vedkommande individuell plan kan rettast til koordinerande eining: 

  • Fagdirektør omsorg
    Ingebjørg Søreide
    Telefon: 57 78 20 04
  • Fagdirektør oppvekst
    Halvor Elde
    Telefon: 57 78 20 05

Vi minner om at helseopplysningar ikkje bør sendast på e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak, eller tilbodet du får.

Lenkjer til lovverk

Inspirasjonsfilm om individuell plan og koordinator

Helsedirektoratet har lagt ut ein film der dei har lagt vekt på å synleggjere kva som er føremålet med dei lovpålagde krava.


Sist oppdatert: 07.01.2021
Publisert: 20.10.2020