Parkeringsløyve

Slik søkjer du 
  • Trykk her for å opne elektronisk søknadsskjema
  • I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngi kvifor du søkjer, dette gjeld og ved fornying av parkeringsløyve.
  • Ei legeerklæring må leggjast ved søknaden. Ved fornying av parkeringsløyve er det nok med kopi av tidlegare legeerklæring, dersom den viser at du har vesentleg skade av livsvarig karakter.
  • Legg ved eit passfoto. 
  • Du kan og skrive ut søknaden og sende den saman med vedlegga. Send søknaden, med vedlegg, til Gulen kommune, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik.
Kva skjer vidare?
  • Vi vurderer søknaden din.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
Kva får du?

Med parkeringsløyve kan du parkere på følgjande plassar:

  • Reservert for rørslehemma merka med offentleg trafikkskilt.
  • Kommunale parkeringsplassar utan å betale avgift.
  • Inntil dobbel tid på tidsavgrensa parkering frå 30 minutt og oppover. Unntak når det er skilta med tidsavgrensa parkering for rørslehemma med parkeringsløyve.
  • Stadar der det er innført bustadsoneparkering.
Krav til søkjar

Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege deg over lengre avstand.

Du må dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid eller ved regelmessige aktivtetar, for eksempel legebesøk

Kontakt oss

Sentralbord er ope måndag - fredag frå 09:00 - 15:00.

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post, då kan du nytte eDialog. 
Trykk her for meir informasjon om eDialog.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 02.01.2024
Publisert: 08.06.2018