Følgjebevis

Ordninga skal vere eit verkemiddel for auka deltaking og likestillinga i samfunnet ved at personar med funksjonsnedsettingar som har behov for det får ha med seg fylgje utan ekstra kostnadar.

Slik søkjer eller fornyar du følgjekortet
  1. Trykk her for å gå til elektronisk søknadsskjema
  2. I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer
  3. Legg ved eit passfoto og uttale frå fastlege eller spesialist
  4. Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din – ikkje send søknaden på e-post
  5. Du kan og skrive ut søknaden og sende den saman med vedlegga. Send søknaden til:
  • Gulen kommune
    Eivindvikvegen 1119
    5966 Eivindvik
Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for følgjekort. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva kostar det?

Det kostar ikkje noko å få følgjekort. Du må kjøpe billett til deg sjølv på vanleg måte, men kan ta med eit gratis følgje der dei godtar ordninga.

Kva får du?

Du får eit bevis som gir den som føl deg gratis inngang til alle kulturinstitusjonar, arrangement og transportselskap som godtek ordninga. Du må ta direkte kontakt med arrangøren eller verksemda for å høyre om dei godtar ordninga.

Krav til søkjar
  • Du treng uttale frå fastlege eller spesialist på at du har behov for følgje for å kunne delta på aktivitetar i fritida
  • Ordninga med fylgjekort omfattar personar med funksjonsnedsettinger som er venta å vare i minst 2 år.
  • Det er ingen nedre aldersgrense for å søkje om fylgjekort. For barn under skulealder må det dokumenterast at barnet har eit større behov for fylgje enn det som hadde vore tilfelle dersom barnet ikkje hadde ein funksjonsnedsetjing, og at det derfor vert ekstrautgifter samanlikna med jamaldrande som deltar på same type aktivitet.

Du kan lese i veileder nasjonale retningslinjer her:
Ledsagerbevis - Veiledende nasjonale retningslinjer | Bufdir

Kontakt oss

Sentralbord er ope måndag - fredag frå 09:00 - 15:00.

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post, då kan du nytte eDialog. 
Trykk her for meir informasjon om eDialog.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 02.01.2024
Publisert: 13.07.2018