Psykisk helse og rus

Tilboda er fleksible og blir tilpassa din situasjon. Tilbod i psykisk helse og rus er for personar over 18 år. Personar frå 16 år kan vurderast. Du kan mellom anna få tilbod om:

  • råd og rettleiing
  • personlig oppfølging og samtalar
  • kartlegging og motivasjonssamtalar
  • tilvising til behandling i spesialisthelsetenesta (avdeling for rusmedisin) - kommunen har ansvar for å følgje deg opp både før, under og etter behandlinga
  • gruppetilbod
  • hjelp til å lage struktur i kvardagen og finne meiningsfulle aktivitetar
  • individuell plan og hjelp til å finne riktige tenester
  • sosiale aktivitetar

Når det er naturleg og ønskjeleg kan også dine pårørande bli involvert.
Du må sjølv ønskje og vere motivert for å ta imot behandling. Er du ikkje motivert for eit behandlingsopplegg akkurat no, kan kommunen tilby deg andre støttetiltak.

Målgruppe

  • personar busett i Gulen kommune
  • vi gir og råd, rettleiing og samtalar til pårørande

Samarbeidspartnarar:

  • Fastlege
  • Legevakt
  • Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
  • Barnevernstenesta
  • NAV
  • Spesialisthelsetenesta
  • Helsestasjon
  • Familievern

Opningstid

Opningstida er frå klokka 08.00 - 15.30.

Kontakt

Lenkjer til lovverk og organisasjonar


Sist oppdatert: 28.12.2020
Publisert: 20.10.2020