Heimehjelp

Slik søkjer du 

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester 

Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:

  • Gulen kommune
    Ved Tiltaksnemda for helse- og omsorgstenester
    Eivindvikvegen 1119
    5966 Eivindvik 
Kva kostar det?

Brukar betalar eigenandel for tenesta.

  • Inntekt er under 2 G: maksimalsats per månad fastsett ved forskrift (rundskriv frå helse- og sosialdepartementet)
  • Inntekt er over 2 G:  kr 313,- per time
Omfang/innhald av teneste

Standard for reinhald

  • Hus reinhald (Vaske golv, støvsuge, riste matter/ teppe, støvtørke) utførast kvar 14. dag.
  • Hus reinhald utførast i rom som er i dagleg bruk; stove, kjøkken, bad, toalett, soverom og entre. Det setjast av 1 time i omsorgsbustad og 1-2 timar i annan bustad (Tidsbruken er anslagsvis og kan variere frå gong til gong.)
  • Sengetøy skiftast normalt kvar 14. dag.
  • Klede vaskar ein normalt 1 gong kvar veke.

Reingjeringsutstyr må vere på plass før heimesjukepleien iverkset tenesta

Dessutan er det følgjande tilleggstenester

Personar som får tildelt hjelp gir ein moglegheit til å forvalte den tid hjelpa skal ta til andre tenester, tilleggstenester. Det føreset då at brukaren har andre personar som utfører dei tildelte oppgåver. Dette skal vere unntak, ikkje regelen.

  • Hjelp til å vaske kjøleskap og/ eller komfyr, mikrobølgjeovn.
  • Innvendig vindaugsvask utførast helst om våren. Vindaugsvask gjeld vindauga i stova og kjøkken.
  • Hjelp til å organisere innkjøp av kolonialvarer 1 gong for veka. Brukaren betaler sjølv for varetransport.
  • Hjelp til å bestille nødvendig brensel.
  • Hjelp til å bære inn ved frå oppsett vedla frå skur eller kjellar.
  • Nødvendig hjelp til å organisere bosslevering og snøbrøyting. Brukaren betaler sjølv meirkostnadane.

Følgjande tenester fell utanfor kommunen sin standard

  • Stryking
  • Baking, bearbeiding av råvarer
  • Storreingjering av tak og vegger, boning av golv, dra ut store tunge teppe.
  • Huslege oppgåver i samband med gjester og vaksne, heimebuande born.
  • Utvendig vindaugspuss.
  • Hagearbeid
  • Hjelp til husdyrhald
  • Flytting
  • Brøyting av privat veg

Anna

På helgedagar blir det i utgangspunkt ikkje gjennomført praktisk bistand.

Ved akutt sjukdom og forverring av kronisk tilstand setjast dei generelle bestemmingar til side, og hjelp i nødvendig omfang blir gitt.

Det vert innarbeida rutinar for jamleg evaluering av tenestene saman med brukar og/ eller pårørande.

Krav til søkjar

Du må ha behov for hjelp på grunn av sjukdom eller funksjonstap.
Du må bu i Gulen kommune.

Kva skjer vidare?
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Klarer vi ikkje det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg, tar vi kontakt med deg.
Kontakt oss

Har du spørsmål ta kontakt med avdelingssjukepleiar ved tilhøyrande bu- og omsorgssenter:

 Bu- og omsorgssenter Avdelingssjukepleiar Telefonnummer
Eivindvik bu- og omsorgssenter Joy Palmer 57 78 16 20
Brekke bu- og omsorgssenter Line Haugland 57 78 16 30 
Byrknes bu- og omsorgssenter Irmelin Gripsgård 57 78 16 40 
Dalsøyra bu- og omsorgssenter Irmelin Gripsgård 57 78 16 50 
Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

 


Sist oppdatert: 07.06.2023
Publisert: 28.06.2018