Bustad

Omsorgsbustad

Personar med nedsett funksjonsevne som treng tilpassa bustad, kan søkje om å få leige omsorgsbustad.

Omsorgsbustaden er tilpassa rørslehemma og bygd slik at du kan motta nødvendige pleie- og omsorgstenester. Bustaden er din eigen heim, og tildeling av heimetenester eller tenester frå Psykisk helse skjer etter eigen søknad og individuell vurdering.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester 

Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:

  • Gulen kommune
    Ved Tiltaksnemda for helse- og omsorgstenester
    Eivindvikvegen 1119
    5966 Eivindvik 

Kva får du?

  • du får ein tilpassa bustad
  • du kan søkje om bustøtte frå Husbanken

Krav til søkjar

  • du er 18 år eller eldre
  • du må ha legeuttale
  • du må ha eit fysisk eller psykisk funksjonstap
  • du må betale husleige

Kontakt oss

Ta kontakt med einingsleiar i den sona du ynskjer omsorgsbustad:

  • Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim
    Einingsleiar Nina Haveland
    Telefon: 57 78 16 02

  • Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra
    Einingsleiar Eva Vågheim
    Telefon: 57 78 16 41

  • PU-tenesta
    Einingsleiar Bjørg Johannes Haugland
    Telefon: 57 78 16 61

  • Eining helse
    Einingsleiar Elizabeth Høydal
    Telefon: 57 78 20 65

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Kommunal bustad

Som kommune har vi eit ansvar for å bidra til at alle har ein god og trygg stad å bu. Vi kan medverke til å skaffe deg ein stad å bu, om du ikkje klarar dette på eiga hand.

Kva kostar det?

Leigekontrakt etter avtale.

Kva får du?

Gjennomgangsbustad er eit mellombels butilbod. Leigekontrakten vil normalt ikkje vare lenger enn tre år.

Krav til søkjar

Målgruppa for tilbodet er økonomisk og sosialt vanskelegstilte, flyktningar, eldre, funksjonshemma eller andre som treng hjelp i ein kortare eller lenger periode.

Du som søker må:

  • Vere fylt 18 år.
  • Vere utan bustad.
  • Vere registrert i folkeregisteret som busett i kommunen, og ha opphaldt deg her dei siste 12 månadane.
  • Vere norsk statsborgar eller i introduksjonsprogram for flyktningar.
  • På grunn av sjukdom eller sosiale årsakar ha trong for endring av noverande bustadforhold.
  • Ha låg inntekt.
  • Ikkje skulde husleige til kommunen.
  • Ikkje ha mislighalde kommunalt lån.

Har du blitt kasta ut av ein kommunal bustad, kan du ikkje søke på nytt før det har gått eitt år.

Kontakt oss

Sentralbord er ope måndag - fredag frå 09:00 - 15:00.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Klagen må vere skriftleg.


Sist oppdatert: 10.03.2021
Publisert: 20.10.2020